Hovudside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomen til Nynorsk Wikipedia
– eit fritt oppslagsverk som alle kan redigera.
I dag er det 12. mai 2023


Nynorsk Wikipedia har no 165 283 artiklar


HSutvald2.svg
Flekkmarihand i Lillesand

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata) er ei fleirårig plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien Orchidaceae. Ho veks i Europa, Vest-Asia og Nordvest-Afrika. Ho finst over heile Noreg, frå kysten til over tregrensa, mest på kalkfattig jord og helst i myr og på fuktig mark. Planta blømer på forsommaren og til midtsommaren, frå midten av mai til juli. Blomsteren er fiolett, frå bleik til kraftig farga.

Flekkmarihand vert 10–40 centimeter høg. Planta har rotknoll, grann stengel og grøne blad, oftast med mørke flekkar. Kvar plante har to rotknollar, ein av dei innskrumpa og mørk på farge, som gjev årets plante næring, den andre fast og lysfarga, med opplagsnæring til neste vekstsesong. Les meir …

Førre tre vekene:

PolarsnipeFaye HeavyShieldJohn Rawls


HS Skand.svg
Dagens skandinaviske artikkel
Madeiraduva

Madeiraduva (Columba trocaz) är en duva endemisk för ön Madeira. Den är huvudsakligen jämngrå med rosalilaskimrande bröst. Dess skimrande silvergrå halsfläck, avsaknaden av vita tvärband på vingovansidan och annorlunda stjärtteckning skiljer den från ringduvan, som är dess närmsta släkting.

Madeiraduvan är en sällsynt stannfågel som häckar i Madeiras laurisilvaskog, som är en typ av bergsskogar med åretruntgröna lagerträd. Den bygger ett bo av grenar, som ser slarvigt hoprafsat ut, och lägger vanligtvis ett vitt ägg per häckningssäsong. Populationen minskade kraftigt efter människans kolonisering av ögruppen, och arten försvann helt ifrån ön Porto Santo. Läs mer …

Wikimedia-logo.svg
Systerprojekt
Commons-logo.svg
Commons
Felles medialager
Wikinews-logo.svg
Wikinytt
Frie nyhende
Wiktionary-logo-en.svg
Wiktionary
Ordbok og synonymordbok
Wikiquote-logo.svg
Wikifrasar
Frie sitat
Wikibooks-logo.svg
Wikibøker
Frie bøker
Wikisource-logo.svg
Wikikjelda
Frie kjeldetekstar
Wikispecies-logo.svg
Wikispecies
Artskart
Wikiversity-logo.svg
Wikiversity
Frie læremiddel
Wikimedia Community Logo.svg
Meta-Wiki
Wikimedia
Wikidata-logo.svg
Wikidata
Fri kunnskapsbase
Wikivoyage-logo.svg
Wikivoyage
Fri reisehandbok
Datum12.svg
Dagen i dag
PL Wiki CzyWiesz ikona.svg
Visste du at …
... slaget ved Almansa under den spanske arvefølgjekrigen truleg var det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein brite?
... songen «Can’t Buy Me Love» av The Beatles var ein av fem singlar av gruppa som samstundes låg på dei fem øvste plassane på den amerikanske singellista i 1964?
... symbolet for heiltal, Z, kjem frå tysk «Zahl» (tal)?
... det er ei fyrlykt i tårnet på Fredrikstad domkyrkje?
... sprachbund er ein språkvitskapleg term for språk som ikkje er i slekt, men som har vorte meir like kvarandre fordi dei blir snakka nær kvarandre?
Tilfeldige fakta frå nokre av artiklane våre
PL Wiki Aktualnosci ikona.svg
Temasider
Wikipedia-logo-v2.svg
Om Wikipedia
Wikipedia er det største prosjektet til stiftinga Wikimedia. Oppslagsverket er fritt til å bruka her og elles. Det baserer seg i stor grad på dugnad, både når det gjeld skriving og retting, og du er velkommen til å delta. To av utgåvene er på norsk; denne nynorske wikipediaen og Wikipedia på bokmål og riksmål med meir enn 600 000 artiklar. Wikipedia finst også på nordsamisk. Wikipedia er støtta av gåver frå brukarane sine, og me tek gjerne imot bidrag.

Grunnprinsipp Bullet blue.png Spørsmål og svar Bullet blue.png Hjelp Bullet blue.png Skriva Bullet blue.png Endra Bullet blue.png Arbeidskontoret Bullet blue.png Samfunnshuset Bullet blue.png Kontakt