Plasma
Neste generasjons skrivebord for Linux
KDE-program
Kraftfull – og utforma for fleire plattformer og alle menneske
Bruk KDE-programma til å surfa på nettet, halda kontakten med vennar, familie eller kollegaar, organisera dokument, lytta til musikk, sjå videoar eller utfalda deg kreativt. KDE har i fellesskap laga meir enn 200 program, som kan køyrast på alle Linux-system, og ofte på andre operativsystem òg.
Maskiner
Kjøp ei maskin med Plasma ferdiginstallert
Steam Deck
Steam Deck er ein portabel konsoll som køyrer dei siste AAA-spela med same fleksibiltet som ein komplett PC.
Pinebook Pro
Pinebook Pro er ei rimeleg ARM-basert berbar maskin. Ho er modulær og tilpassbar slik berre eit prosjekt med utspring i fri programvare kan vera.
KDE Slimbook
Slimbook er ei elegant og tynn berbar maskin som taklar alle oppgåver, takka vera den kraftige AMD Ryzen-prosessoren.
KFocus
Kubuntu Focus er ei kraftig berbar maskin, optimert for vanlege brukarar og med Kubuntu installert.
Andre maskinvareprodusentar sel òg einingar med Plasma på. Sjå all einingane.
Kunngjeringar
KDE Plasma 5.26.3, feilrettingsutgåve for november
KDE Plasma 5.26.2, feilrettingsutgåve for oktober
KDE Plasma 5.26.1, feilrettingsutgåve for oktober
KDE Eco
Delta i utviklinga av berekraftig programvare
KDE støttar FEEP og BE4FOSS, to prosjekt for å hjelpa friprog-miljøa å utvikla meir miljøvennleg programvare. Prosjekta utviklar retningslinjer og støttar opp under arbeidet med å gjera programma meir energieffektive og gje dei lengre levetid.
La oss gjera energieffektiv og berekraftig programvare til ein del av arbeidet vårt! Me kan leva opp til ansvaret me har for denne og kommande generasjonar!
Finansiering
Prosjektet BE4FOSS vart finansiert av det tyske miljødirektoratet og det tyske departementet for miljø, naturvern, kjernefysisk tryggleik og forbrukarvern (BMUV). Midlane vert gjorde tilgjengelege etter vedtak i Forbundsdagen.
Utgjevaren er ansvarleg for innhaldet i denne publikasjonen.
KDE-fellesskapet
Eit internasjonalt fellesskap som utviklar og distribuerer fri programvare.
Me har utvikla ei lang rekkje program for kommunikasjon, arbeid, læring og underhaldning. Me fokuserer på nyskapande løysingar på både gamle og nye problem, og me ønskjer å skapa eit levande og ope miljø for eksperimentering.