Quebec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For byen, sjå Québec
Québec
Geografisk plassering

Provins i Canada

Hovudstad Québec
Flatevidd

 - Rangering i Canada

1 542 056 km²

2.

Folketal (2017)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

8 484 965

2.
5,6/km²

Grunnlagd 1. juli 1867
Offisielle språk fransk
Premierminister
Visekonge
François Legault
Joseph Michel Doyon
Nettstad www.gouv.qc.ca
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Québec (fransk [kʰeˈbɛk]høyr ) ) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Québec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær St. Lawrence-elva. Han grensar til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.

Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen. Québec vert difor sett på som ein eigen nasjon internt i Canada.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Samuel-de-champlain

Ordet quebec - som betyr 'der elva smalnar' på algonkinsk - vart brukt av algonkin-, cree og mi'kmaq-folk for å visa til innsnevringen av St. Lawrence-elva ved Cap Diamant, grunnleggarstaden til byen Québec (3. juli 1608) og «byrjinga av landet og provinsen Canada» (7. september 1535).[1] I 1632 beskreiv Samuel de Champlain staden slik: «[…] eit sund i elva, som indianarane seier […].»[2] Namnet er attestert med ulike stavemåtar: Qvebecq i 1601;[3] Quebeck eller Kébec i 1609;[4] Québec i 1613.[5] og Kebbek[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacques Cartier (1535). Brief recit de la navigation faicte es ysles de Canada. s. 25. 
  2. William B. Hamilton (1978). The Macmillan book of Canadian place names. Toronto: Macmillan of Canada. s. 225. 
  3. Guillaume Levasseur de Beauplan. «Carte de l'océan Atlantique, 1601» (fransk). 
  4. Marc Lescarbot (1609). Histoire de la Nouvelle-France,. Paris: chez Jean Milot. 
  5. de Champlain, Samuel (1925-01), The Works of Samuel de Champlain: 1608-1613, Champlain Society, ISBN 978-0-8020-1760-4, henta 27. november 2020 
  6. Gaudreau, Guy, 1953- (1999), Les récoltes des forêts publiques au Québec et en Ontario, 1840-1900, McGill-Queen's University Press, ISBN 978-0-7735-6742-9, OCLC 181843638, henta 27. november 2020 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.