The Guardian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Guardian 2018.svg

The Guardian er ei britisk avis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London. Ho vart grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester og fekk det noverande namnet sitt i 1959. Tradisjonelt var ho knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta den venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.

I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.

Dagleg opplag (november 2005) ligg på rundt 380 000 eksemplar. Ansvarleg redaktør sidan 1995 er Alan Rusbridger.

Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanske The Washington Post og franske Le Monde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]