Vedtekter

Fra Wikimedia Norge
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er en oversatt versjon av siden Vedtekter og oversettelsen er 100 % ferdig.
Hjem   Om oss   Bli medlem   Kontakt
På andre språk:

VEDTEKTER FOR WIKIMEDIA NOREG

Dette er ei omsetjing frå Vedtekter. Ved eventuelle skilnadar mellom denne omsetjinga og originalen har originalen forrang.

Vedtatt av stiftingsmøtet 23.06.2007
Oppdatert av årsmøtet 21.06.2008
Oppdatert av årsmøtet 19.04.2010
Oppdatert av årsmøtet 26.04.2012
Oppdatert av årsmøtet 26.04.2014
Oppdatert av årsmøtet 17.04.2015
Oppdatert av årsmøtet 07.04.2016
Oppdatert av årsmøtet 09.03.2019
Oppdatert av årsmøtet 06.03.2019

§ 1 Innleiing

a) Namnet til organisasjonen er Wikimedia Norge, med Wikimedia Noreg (nynorsk), Wikimedia Norga (nordsamisk), Wikimedia Vuodna (lulesamisk), Wikimedia Nöörje (sørsamisk) og Wikimedia Norja (kvensk) som jamstilte former.

b) Wikimedia Noreg er ein medlemsorganisasjon.

c) Norsk bokmål, nynorsk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og kvensk er likestilte i organisasjonen. Vedtektene skal finnast på fire likelydande språk, språkformer: norsk bokmål, nynorsk, nordsamisk og engelsk, og bør òg finnast på lulesamisk, sørsamisk og kvensk. Vedtektene blir omsette frå norsk bokmål-versjonen, som dermed er å rekna som originalen.

§ 2 Formål

a) Formålet til Wikimedia Noreg er å styrka Wikimedia-prosjekt, spesielt dei på norsk og samisk, ved å:

  1. samla inn økonomiske middel gjennom gåver og støtteordningar, og å fordela desse midla.
  2. delta i koordinering av samarbeidet mellom prosjekta, og å samarbeida med andre partar der dette kan tena prosjekta til Wikimedia.
  3. styrka samarbeidet med prosjekta til Wikimedia i andre nordiske land og internasjonalt.
  4. marknadsføra prosjekta til Wikimedia.
  5. vera ein høyringspart overfor styresmakter og organisasjonar ved opphavsrettslege spørsmål og når interessene til Wikimedia-prosjekta er berørt.

§ 3 Medlemskap

a) Einkvar som støttar formåla til foreininga kan bli medlem.

b) Årsmøtet fastset ein årleg kontingent.

c) Styret kan suspendera medlemmer som måtte vera til skade for verksemda eller omdømet til Wikimedia Noreg. Eventuell eksklusjon blir avgjort av årsmøtet og anke på avgjerd må rettast til årsmøtet. Suspenderte og ekskluderte medlemmer har ikkje stemmerett, då dei ikkje lenger blir rekna som medlemmer. Dei kan heller ikkje inneha verv for Wikimedia Noreg.

§ 4 Årsmøtet

a) Ordinært årsmøte i Wikimedia Noreg blir halde årleg innan utgangen av april. Styret avgjer tid og møteform og eventuelt stad.

b) Årsmøtet skal minimum behandla fylgjande saker:

  1. Årsmelding og rekneskap revidert av revisor
  2. Budsjett og kontingent
  3. Innkomne saker
  4. Val som skildra i § 6.

c) Årsmøtet skal annonserast på nettsidene til foreininga minst to månader i førevegen. Alle medlemmer med stemmerett har rett til å leggja fram saker for årsmøtet. Innkomne saker må vera hjå styret minst to veker før årsmøtet. Seinast éin veke før møtet skal alle saksdokument vera offentleg tilgjengelege.

d) Valkomiteen (jf. § 7) er ansvarleg for gjennomføringa av valet.

e) Medlemmer som har betalt kontingent for inneverande år og har vore medlem i minst éin månad før årsmøtet har røysterett. Røysting kan skje ved fullmakt.

f) Forslag må ha støtte frå fem medlemmer med stemmerett før det kan behandlast.

g) Dersom minst tjue medlemmer eller styret krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte etter same reglar som ordinært årsmøte. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre behandle saker nemnd i innkallinga.

§ 5 Styret

a) Styret til Wikimedia Noreg består av mellom fem og ni medlemmer etter avgjerd på årsmøtet. I tillegg vel ein inntil tre varamedlemmer til styret, også etter avgjerd på årsmøtet.

b) Styret består av leiar, nestleiar, kasserar og to til seks styremedlemmer. Leiar og nestleiar blir vald av årsmøtet. Utover dette konstituerer styret seg sjølv.

Leiaren i styret og to styremedlemmer står på val eine året, og nestleiar og dei andre medlemmene det andre året. Samtlege styremedlemmer vert valde for to år, med mindre ein kortare valperiode er nausynt for å oppretthalde ein rotasjon som nemnt i dette avsnittet.

Varamedlemmene vert valde for eitt år.

c) Forvaltinga av foreininga høyrer under styret. Styret skal sørgje for ein forsvarleg organisering av verksemda. Styret skal leggje fram forslag til rekneskap til årsmøtet.

d) Styret møtast minst tre gongar årleg.

e) Vedtak blir fatta med alminneleg fleirtal. Styret er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmene med stemmerett er tilstades. Ved stemmelikheit i styret har leiar dobbeltstemme.

f) Dei tilsette har rett til å stille med ein observatør vald av og mellom dei tilsette på styremøta. Observatøren har tale og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar. Observatøren fråtrer frå styremøtet når styret vedtar det, når personalsaker blir handsame og når personalpolitikk blir vedteke.

g) Dagleg leiar har rett og plikt til å møte på styremøta. Dagleg leiar har tale- og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar. Dagleg leiar fråtrer frå styremøtet når styret vedtar det.

h) Kontrollkomiteen har rett til å ha ein observatør vald av og blant kontrollkomiteen på styremøta. Observatøren til kontrollkomiteen har tale- og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar.

i) Viss styret i inneverande periode får fråfall av medlemmar og ikkje er vedtaksdyktig, skal resten av styret krevje ekstraordinært årsmøte med val av nytt styre.

§ 6 Val

a) Årsmøtet vel styre etter § 5a og § 5b, valkomité etter § 7b og kontrollkomité etter § 8b.

b) Kandidatar bør vera kjent to veker før ordinært val finn stad.

§ 7 Valkomité

a) Valkomiteens oppgåve er å foreslå kandidatar til dei ledige verv som finst. Forslaget går til styret, som legg fram forslaget for årsmøtet.

b) Komiteen er sett saman av minst tre av medlemmene til foreininga.

c) Retningsliner for Valkomiteens arbeid vert vedtatt av årsmøtet.

§ 8 Kontrollkomité

a) Kontrollkomiteens oppgåve er å kontrollere rekneskap og styret sitt arbeid opp mot vedtektene i organisasjonen.

b) Komiteen er sett saman av minst to av medlemmene til foreininga.

c) Retningsliner for Kontrollkomiteens arbeid vert vedtatt av årsmøtet.

§ 9 Vedtektsendringar

a) Medlemmer kan føreslå vedtektsendringar på Wikimedia Noreg sine sider. Eit forslag som oppnår støtte frå minst ti andre medlemmer kan leggjast fram for avstemming etter reglane for innkomne forslag til årsmøtet. Styret kan føreslå vedtektsendringar.

b) Ei vedtektsendring krev støtte frå minst 2/3 av dei avgitte stemmene.

§ 10 Oppløysing

a) Oppløysing av Wikimedia Noreg kan berre bli behandla på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 3/4 av dei gitte røystene vert det kalla inn til ekstraordinært styremøte som skissert i § 4 g). For at oppløysing skal skje må vedtaket her verte gjenteke med 3/4 fleirtal. Viss foreininga vert oppløyst skal eventuelle overskytande middel overførast til Wikimedia Foundation.

b) For å avklara eventuelle krav mot foreininga skal overføring av middel skje tidligast seks månader etter vedtak om oppløysing, dersom alle krav er oppgjort. Dersom det er krav mot foreininga skjer overføring av eventuelle middel tidligast seks månader etter uteståande krav er oppgjort.

Wikimedia Norge-logo svart horisontal nn.svg

Wikimedia Norge
Schweigaards gate 34 C
0191 Oslo
Tlf 41 10 51 54