BBC
BBC | |
| |
| |
Selskapsform | Royal Charter, særlovselskap |
---|---|
Skipa | 1922 |
Dotterselskap | BBC Worldwide, BBC Studios and Post Production, BBC Radio, BBC News, BBC Concert Orchestra, BBC Film, BBC Symphony Orchestra, BBC Philharmonic, BBC National Orchestra of Wales, BBC Multimedia, BBC Yorkshire, BBC North, BBC Studios, BBC World News |
Bransje | journalistikk, kringkasting, medieindustrien |
Hovudkontor | London, Broadcasting House |
Tilsette | 20 916, 22 219 |
Resultat | 227 000 000 britisk pund |
British Broadcasting Corporation (BBC, norsk 'Det britiske kringkastingsselskapet') er ein britisk radio- og fjernsynskringkastar. Selskapet vart danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company, og starta den 2. november 1936 opp dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsynssendingar i Storbritannia.
BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.
Programma som blir viste er ofte eit resultat av eigenproduksjon. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC tek på seg rolla som allmennkringkastar i Storbritannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC. På same måte som NRK vert BBC finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; World Service vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessutan har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, mellom anna ved sal av DVD-kopiar basert på programma deira.
I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntie («tante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).
På fjernsyn[endre | endre wikiteksten]
Fjernsynskanalar i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]
I Storbritannia har BBC eit Public Service-oppdrag. TV-kanalane BBC One og BBC Two blir distribuert via det analoge nettet til heile Storbritannia.
- BBC One
- BBC Two
- BBC Three
- BBC Four
- CBBC
- CBeebies
- BBC News
- BBC Parliament
- BBC HD
- Gaelic Digital Service
Verdsfemnande kanalar[endre | endre wikiteksten]
BBC har òg ei omfattande verksemd utanfor Storbritannia. Verksemda internasjonalt blir drive under føretaket BBC Worldwide, som er eit kommersielt føretak. Pengar frå tv-lisensen i Storbritannia går derfor ikkje til desse kanalane.
- BBC Prime (tilgjengeleg på satellitt hjå Canal Digital og i somme kabelnett i Noreg)
- BBC World News (tilgjengeleg på Canal Digital, Viasat, det digitale bakkenettet og i somme kabelnett i Noreg)
- BBC Food (tilgjengeleg på Canal Digital)
- BBC America
- BBC Arabic televisjon
- BBC Canada
- BBC Entertainment
- BBC Kids (Canada)
- BBC Knowledge
- BBC Lifestyle
På radio[endre | endre wikiteksten]
Analoge og digitale[endre | endre wikiteksten]
Digitale[endre | endre wikiteksten]
I andre land[endre | endre wikiteksten]
- BBC Radio Scotland
- BBC Radio nan Gàidheal
- BBC Radio Shetland
- BBC Radio Orkney
- BBC Radio Wales
- BBC Radio Cymru
- BBC Radio Ulster
- BBC Radio Foyle
Lokalradio[endre | endre wikiteksten]
Internasjonale[endre | endre wikiteksten]
- BBC World Service
- BBC Russian Service
- BBC Arabic
- BBC Spanish
- BBC Persian
- BBC Pashto (www.bbcpashto.com)