B

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Bokstaven B (b) er den andre bokstaven i det latinske alfabetet.
kyrillisk skrift har han symbolet Б. Det er òg andre bokstaven i det greske alfabetet (Β, β), som det latinske stammar frå. B er ein leppelyd. Det semittiske namnet på bokstaven tyder 'hus' (hebraisk beth, jamfør Betlehem som tyder 'brødhus'). I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit riss av eit hus. Grekarane omdanna namnet til betâ. Etruskarane og etter dei romarane kalla bokstaven be. I fleire språk (spansk, russisk, nygresk) kan bokstaven vise til anten ein bilabial (b) eller ein labiodental (ein mellomting mellom norsk b og v). I den eldre runerekka var B det 18. teiknet. I den yngre runerekka var B det 13. Den greske bokstaven beta har saman med den føregåande alfa gjeve namn til alfabetet.


Versalen 'B' kan stå for:[endre | endre wikiteksten]

Minuskelen 'b' kan stå for:[endre | endre wikiteksten]

  • informasjonseininga bit i datavitskapen
  • symbol for arealeininga barn
  • forkorting for beatus, som tyder «salig». I latinske innskrifter er det forkorting for bonus i tydinga «god» eller bene i tydinga «godt».
  • ♭, i musikken teikn for senking med eit halvt tonetrinn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]