Oppdraget vårt: Halde internett ope og tilgjengeleg for alle.
Heilt frå starten har vi vore fremst i kampen for eit sunnare internett. Vi begynte som eit alternativ til dominansen av dei store verksemdene på nettet, men sidan det har vi vakse til ei verdsomspennande rørsle for eit betre internett.
Med nye Firefox får du ein lynrask nettlesar – samtidig med at du støttar oppdraget til Mozilla om eit sunt Internett der det er høgt under taket og plass til alle.
Då Facebook-lekkasjen vart avslørt reagerte Mozilla omgåande, og utvikla ei Firefox-utviding som tek vare på privatlivet ditt på nettet.
I Mozillas IRL-podkast deler verten Manoush Zomorodi verkelege historier om livet på nettet og snakkar om framtida for nettet.
Mozilla set menneske over profiitt i alt vi seier, utviklar og gjer. Faktisk er hjartet i verksemda vår den ideelle stiftinga, Mozilla Foundation.
Les om Mozilla FoundationPrinsippa som vi skreiv i 1998 viser oss framleis vegen i dag. I 2018 laga vi eit tillegg som legg vekt på integrasjon, personvern og sikkerheit for alle på nettet.
Les manifestet vårt2000 ikkje-tilsette gjestar besøkjer oss kvart år
500 deltakarar kvart år i føredragsrekkja «Berlin speaker»
800 flasker med iskaffi konsumert kvart år.