Målet vårt
WordPress er laga for alle, med vekt på å vera tilgjengeleg for alle, kjapt, trygt og enkelt å bruka. Me trur at god programvare bør verka med eit minimum av tilpassing, slik at du kan konsentrera deg om historia di, produktet eller tenestene dine. WordPress er enkelt og føreseieleg, slik at du kjem snøgt i gang. Det finst òg kraftfulle funksjonar for vekst og suksess.
Me trur på demokratisk publisering og rettane som fylgjer av open kjeldekode. Eit stort samfunn av menneske som samarbeider om og bidreg til prosjektet støttar opp om denne ideen. WordPress-samfunnet er inkluderande og ope. WordPress lukkast fordi bidragsytarane jobbar for det. I sin tur hjelper det deg å nå måla dine.
Bidragsytarane til WordPress finst over heile kloten, og dei har lagt ned tallause timar på å laga eit verkty som gjer publisering demokratisk. WordPress er open programvare som er både gratis og dyrebar.
Teknologien
Lær om WordPress - kor me har vore, og kor me skal av.
Detaljane
Det er så mykje å henta i detaljane. Hald deg oppdatert.
Folka
Lær meir om samfunnet og korleis me snakkar saman.
Historia vår
WordPress starta i 2003, då Mike Little og Matt Mullenweg gafla b2/cafelog. Allereie då trongst eit elegant og velbygd personleg publiseringssystem. I dag er WordPress bygd på PHP og MySQL, og gjeve ut under GPLv2-lisensen. Meir enn 42% av alle nettstader på verdsveven brukar WordPress.
WordPress er eit prosjekt med open kjeldekode, som har utvikla seg på ulike måtar gjennom tida. Det er støtta av dyktige og entusiastiske utviklarar, utformarar, vitskapsfolk, bloggarar og andre. WordPress gjev kven som helst høve til å skapa og dela, frå små personlege historier til verdsfemnande rørsler. Folk med lite teknisk røynsle kan bruka verktyet som det er, og meir teknisk innretta kan gjera forunderlege ting med det.
Grunnlov
WordPress er under lisensen General Public License (GPLv2 eller nyare), som gjev deg fire grunnleggjande rettar. Du kan sjå på dette som WordPress-grunnlova:
Den fyrste retten
Å køyra programmet for kva føremål som helst.
Den andre retten
Å studera korleis programmet verkar, og endra det slik at det gjer det du ynskjer.
Den tredje retten
Å spreia vidare.
Den fjerde retten
Å spreia kopiar av den endra utgåva di til andre.