WordPress 3.0.2 er akkurat komen ut, og me er særs kjapt ute med nynorsk omsetjing. Du kan lasta ned på denne sida,eller bruka oppdateringsverktyet på styringspanelet i WordPress-installasjonen din. Det vil heilt sikkert vera att nokre feil og halvdårlege omsetjingar, men mykje av denne WordPress-utgåva er språkvaska og retta opp. Kom gjerne med innspel om du har framlegg til betre omsetjingar, eller bli med på omsetjingslaget.
Heilt nynorsk WordPress!
Etter litt innsats dei siste dagane har me no fått WordPress heilt og fullt omsett til nynorsk! Du kan lasta ned og installera med lenkja til høgre på heimesida eller på den eigne nedlastingssida, eller endå enklare: oppdatera frå styringspanelet ditt om du allereie har ein WordPress-blogg. Det finst truleg både feil og haltande formuleringar i omsetjingane, men viss du finn slike, er det berre å bli med på laget og retta det opp. Uansett, ein liten merkjedag er det. 100% nynorsk WordPress, både 3.0.1 og utviklingsutgåva. Hurra!
Ny runde med omsetjingar
… og der var ei ny utgåve av nynorsk WordPress ute, med mange nye omsetjingar – me er oppe i 93 94 prosent!. Du kan lasta ned frå denne sida, eller oppdatera frå ditt eige styringspanel (tenk det!), og få endå meir og betre nynorsk. Og vil du hjelpa til, finst det rikeleg med opplysningar på denne sida om kva du skal gjera.
Fleire omsetjarar?
Pootle-omsetjingane for nynorsk har vore lite aktive i det seinste. Difor bed me alle tidlegare bidragsytarar og alle som har vore med på WordPress-omsetjingar før om å bli med på nynorsklaget for WordPress. Få ein brukarkonto på wordpress.org, meld deg på Polyglots-lista og skriv ein epost der du melder deg som Glotpress-deltakar for nn_NO, så får me ferdig dei siste omsetjingane!
Velkomen til nn.wordpress.org
Velkomen til norsk utgåve av WordPress.org! Denne sida inneheld lenkjer til dei nynorske omsetjingane av WordPress, og er ein del av det norske arbeidet med WordPress. Nyare utgåver vil verta lagde ut her og på nb.wordpress.org etterkvart som dei blir ferdige.