Kjeldekode

VBiss du vil lesa kjeldekoden til WordPress og dokumentasjonen som høyrer til, har me ei hendig rettleiing for utviklarar og ein kjeldekodelesar. Me har òg retningsliner for korleis du bidreg med Subversion og bidreg med Git.

WordPress er gjeve ut under GNU General Public-lisensen versjon 2 (eller nyare), og du kan lesa kjeldekoden på nett eller lasta han ned med Subversion eller Git:

  • Subversion: https://core.svn.wordpress.org/
  • Git-spegel: git://core.git.wordpress.org/

WordPress forminskar JavaScript-filer i kjernen med UglifyJS, og CSS blir forminska med clean-css. Alt dette via Grunt, som er ein JavaScript-basert oppgåvekøyrar. Utviklingskjelda inneheld komplette utgåver av desse filene, saman med byggjeskripta. Dei kan du sjå på nett, eller lasta ned lokalt med Subversion eller Git:

  • Subversion: https://develop.svn.wordpress.org/
  • Git-spegel: git://develop.git.wordpress.org/

Du kan lasta ned kjeldekoden for alle kompilerte program eller forminska eksterne skript som høyrer med WordPress i kjeldarkivet vårt.