Skikk og bruk

I det opne kjeldekode-prosjektet WordPress innser me at den største verdien vår er det samfunnet me byggjer. Prosjektet som heilskap fylgjer desse grunnleggjande filosofiske prinsippa frå børsen og katedralen.

  • Bidrag til det opne WordPress-prosjektet er til nytte for heile WordPress-samfunnet som heilskap, og ikkje til visse firma eller enkeltpersonar. Det du gjer som bidragsytar, bør du gjera med heile samfunnet i tankane.
  • Det opne kjeldekode-prosjektet til WordPress er ope for alle som ynskjer å vera med, uansett funksjonsevne, kunnskapar, økonomi eller kva som helst vilkår.
  • Det opne kjeldekode-prosjektet for WordPress er drive av friviljuge. Sjølv i tilfelle der det står sponsorar bak bidragsytarane, blir innsatsen deira gjeven til heile det opne prosjektet.
  • Alle medlemer i brukarsamfunnet kan gje av si tid til prosjektet i ei kvar form, mellom anna ved utforming, koding, dokumentasjon, samfunnsbygging osb. Gå gjerne til make.wordpress.org for meir informasjon.
  • Det opne WordPress-prosjektet er opptekne av mangfald. Me arbeider for eit ope miljø der alle kan kjenna at dei høyrer heime. Det gjer me ved å unngå ytringar som diskriminerer, oppmodar til vald, fremjar hat eller utestengjer andre.

Det er arbeid på gang for å laga ordensreglar for heile prosjektet, så me kan sikra at bidragsytarane våre er trygge.

Me held møte på Slack-kanalen #community-team, og referata blir lagde ut på Make-bloggen.