Oker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva med det same namnet, sjå Elva Oker.
Oker
 
Drei verschiedene Ockertöne.JPG
HTML-farge#CC7722
sRGBB  (rgb)(204, 119, 34)
CMYKH   (c, m, y, k)(0, 42, 83, 20)
HSV       (h, s, v)(30°, 83%, 80%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Oker er eit samleomgrep for ein del jordaktige mineral eller mineralblandingar med gul, brun eller raud farge. Han er eit leireslag som inneheld jernoksyd som pregar fargen. Leira kan tørkast og finmalast, og er då eit brukbart fargepigment. Han kan òg brennast før knusinga, og blir då ofte mørkare og meir raudgyllen. Oker har blitt brukt som fargestoff frå førhistorisk tid.

Okeruttak ved Rustrel
Limonitt er hovudbestanddelen i all okerpigment.

Den same leira vert brukt til tegl, som er stoffet dei brungule mursteinane (teglstein) er laga av. Ved å knusa teglstein og blanda inn målarolje, kan dagens kunstnarar etterlikna dei store meisterane sine førebuingar til dagens måling.

Jerninnhaldet kan variera, slik at fabrikkar som lagar kunstnerfargar anten må blanda pigment frå ulike stader for å få fram den same fargetonen, eller, som mange gjer, blanda han kunstig ved å bruka andre og meir fargestabile pigment.

Raud oker inneheld finfordelt hematitt, brun oker består av såkalla brunjernstein (limonitt) og vert kalla jernoker. Dessutan finst antimonoker (gul), blyoker (gulraud), manganoker (brun), molybdenoker (gul), vismutoker (gul) og wolframoker (gul). Einskilde blir brukt som fargestoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Oker». Store norske leksikon. 23. februar 2012. Henta 14. februar 2014.